Muséer i Karmøy kommune

Har du ein gammal sveivetelefon? Eller har du arva ein tåkelur og lurer på kva du skal gjere med den? Les meir om kven du kan kontakte for å få gode råd her. Karmøy har fleire fine lokalhistoriske museum, med spennande samlingar, der du kan lære meir om vår lokale historie. Alle musea har eigne nettsider, her får du ei oversikt.

Museum

Karmøy har fire museum og eitt historiesenter, som fortel historia gjennom dei siste hundreåra. Åkrehamn kystmuseum og Karmøy fiskerimuseum fortel historia om kystkulturen og fisket som har vore så viktig for Karmøy. På Visnes låg Noreg sitt største kobberverk, som mellom anna har levert kopar til Frihetsstatuen i New York. Nordvegen historiesenter presenterer historia til Noreg og kongsgarden på Avaldsnes gjennom 3500 år.

 

Nordvegen historisesenter

Kulturlandskapet på Avaldsnes har stor nasjonal verdi. Av omsyn til middelalderkyrkja og det historiske landskapet er difor det meste av Nordvegen Historiesenter lagt under jorda. Frå Karmsundet ser me fasaden til museet av glass og betong. Frå kyrkja ser me berre det runde inngangspartiet, som skal symbolisere Mimes brønn, kunnskapen si kjelde i norrøn mytologi. Nordvegen Historiesenter vart opna av Dronning Sonja 29. april 2005. 

Nordvegen historisesenter - Klikk for stort bilde

I 3000 år sat fyrster og kongar på Avaldsnes og kontrollerte skipstrafikken som vart tvunge inn gjennom det smale Karmsundet – Nordvegen – den skipsleia som har gitt Noreg namn. I Nordvegen Historiesenter får du høyre historia om korleis Avaldsnes vart Noreg sitt eldste kongesete. Du møter Harald Hårfagre som presenterer deg for dei herskarane som sat og kontrollerte kysten frå Avaldsnes, både før og etter han. Nokon av desse herskarane kjenner me frå kongesoger, heltesoger og gamle kvad. Andre kjenner me frå arkeologien.

I utstillinga får du sjå inn i den magiske verda som folk ein gong trudde var verkeleg. Du møter seidmenn, skjoldmøyer, og norrøne gudar. I 998 kom Odin til Avaldsnes og fortalte historiar til Olav Tryggvason. På 1200-talet besøkte Snorre denne gamle kongsgarden. På 1600-talet satt Tormod Torfæus her og skreiv den første noregshistoria på latin. I Nordvegen Historiesenter blir historia fortalt ved hjelp av teknologi frå ny tid, slik som film, lyd, lys, figurar og gjenstandar.

Besøk Nordvegen historiesenter

 

Karmøy fiskerimuseum

Signaturbygget ligg som ei arkitektonisk perle i Vedavågen sitt vakre naturlandskap. Museet er teikna av det anerkjente arkitektfirmaet Snøhetta. Utstillinga viser utviklinga innan fiskerinæringa frå den tid motoren kom. Museet har og saltvatnsakvarium og kafe. Ope i sommarsesongen.

Besøk Karmøy fiskerimuseum

Karmøy fiskerimuseum Ørjan Iversen

 

Skudeneshavn museum

Museet ligg midt i den vakre freda trehusbebyggelsen i Gamle Skudeneshavn. Byen vaks fram på 1800-talet i samband med det rike sildefisket. På museet kan du få eit innblikk i korleis byen vaks fram, og sjå korleis ein borgarfamilie levde for 150 år sidan. Ope i sommarsesongen.

Besøk Skudeneshavn museum

Skudeneshavn museum - Mælandsgården Ørjan Iversen

 

Visnes gruvemuseum

Visnes kobberverk var det største og mest moderne i Nord-Europa i sin mest aktive periode. Gruva var i drift mellom 1865 og 1972, og det vart utvunne 4,2 millionar tonn rågodskopar, sink og svovel. Ope i sommarsesongen.

Besøk Visnes gruvemuseum

Visnes gruvemuseum Ørjan Iversen

 

Åkrehamn kystmuseum

Museet ligg ved havna i Åkrehamn, og har eit stort antall gjenstander og fotografi som viser Karmøy si fortid som eit viktig fiskerisentrum. I samlinga er spesielt kontakten mellom Vest-Karmøy og Amerika dokumentert. Nora sjøhuset er eitt av dei få sildesalteria som enno er intakt. Ope i sommarsesongen.

Besøk Åkrehamn kystmuseum

Åkrehamn kystmuseum Ørjan Iversen

 

Museumskonservator

Konservatoren er ansatt i kommunen, og bistår musea i arbeidet deira med innsamling, registrering, magasinering, konservering og utstilling. Har du eldre gjenstander kan konservatoren hjelpe deg å vurdere om desse har ein museal verdi.