SkulpTur-jakt i Skudeneshavn

Den kvite byen heilt sør i kommunen har mykje å by på. Visste du at det er laga film om skulpturane på Torget? Krigsminnesmerket i Skudeneshavn står rankt og stillferdig i parken, til minne om falne sjøfolk. Vil du lære meir om skulpturane? Sjå dei korte filmsnuttane og ta deg ein SkulpTur-vandring i sommarbyen.

Skulpturen Kveitefiskaren, Torget, Skudeneshavn - Klikk for stort bilde Astrid Havn Tranøy

Skudeneshavn torg

På oppdrag for Karmøy kommune har Absurd film og kunstnar Bernhard Østebø laga film om skulpturane på Skudeneshavn torg

I 1991 vart Kveitefiskaren avduka av statsminister Gro Harlem Brundtland. Kveitefiskaren er ein av tre kopierte skulpturar frå Nordmannsdalen ved Fredensborg slott i Nordsjælland. Dei forestiller folk frå Falnes prestegjeld, med typiske drakter frå 1700-talet. Skulpturane, ei kvinne og to menn, står vendt mot kvarandre på Torget, nær sjø. Fiskerkona har lue, trøye med tørkle over skuldrene, foldelagt stakk og forkle. Dei to mennene er kledd på ulike vis. Hummerfiskaren har sid, enkeltspent trøye, knebukser og støvler som går til knes. Kveitefiskaren har knesid kofte til å smette over hovudet og støvlar som går oppå låra.

Krigsminnesmerket i Skudeneshavn

Krigsminnesmerket i Skudeneshavn - Klikk for stort bilde Astrid Havn Tranøy

Absurd film og kunstnar Bernhard Østebø har og laga film om krigsminnesmerket i parken i Skudeneshavn. Minnesmerket er laga av Ottar Espeland, og vart avduka 8. mai 1948. Skulpturen forestiller ein ung mann med genser og bukse i størrelse ca 1:1, som står på ein 90 cm høg granittsokkel. Monumentet er eit minne over dei som mista livet i krigen frå Skudeneshavn og Skudenes. 

Filmane om skulpturane i Skudeneshavn er del av ein serie korte videoar om SkulpTurar i Karmøy som du kan finne her.

Vil du vete meir?

Meir informasjon om skulpturane finn du her på Karmøy kommune sine nettsider. Du kan søke på kvar enkelt skulptur, eller på kartet. Det finnes og tips å få til eigne kunstnaraktivitetar, utarbeida av kunstnar Bernhard Østebø.

Meld deg på nyhetsbrev

Nyheter og informasjon om kommunens tilbud 
og aktiviteter, rett i din innboks.