Ta deg tid til skulpturvandring i Åkrehamn
Tid
Tid
Anine Kongshavn
Tid er kjøpt inn av Friluftsrådet Vest, og laga av ein ekte Karmøykunstnar. Forma på skulpturen gir assosiasjonar til ei livbøye og symboliserer forankring og tryggleik.
Sildakånå
Astrid Havn Tranøy
Sildakånå er laga av Arne Mæland og gitt som gave til Åkrehamn i anledning Skudenes Aakra sparebank sin 250-årsjubileum. Skulpturen er ein av få som framstiller kvinnefigurar i Karmøy, og skal representere kvinnene som jobba med ganing og sildesalting.
Mann i båt
Astrid Havn Tranøy
På Torget i Åkrehamn troner bronsefiguren Mann i båt, som eit symbol på karmøyfiskaren. Skudenes Aakra sparebank og Bergen bank (DNB) har finansiert skulpturen, som vart satt opp i 1983.
Publisert 22.05.2024 13:42
Sist endret 30.09.2024 09:17