Aktiviteter for ungdom
Torgeir Henden
Haustferieverkstad: Laging av Halloweenpynt | onsdag 9. oktober 17:00 - 20:00 | Connection ungdomsklubb, Skudeneshavn kulturhus
Connection har ope som vanleg i haustferien, og slår til med ein verkstad onsdagen. Kom og lag din eigen Halloweenpynt! Opningstider Connection ungdomsklubb
Ungdomsklubbar | Veke 41
Fritidsklubbane på Norheim kulturhus, Skudeneshavn kulturhus og Karmøy kulturhus har ope i vinterferien. Sjekk opningstider og les meir om ungdomsklubbane i Karmøy.
Barn og familie
Torgeir Henden
Haustferiedag | Iduns epler onsdag 9. oktober kl 10-16 | Historiske Avaldsnes
Velkomen til aktivitetsdag for små og store på Nordvegen Historiesenter! Hausten bugnar av frukt, og i vikinggudane si verd var særleg Iduns eple populære, åt ein av dei vart ein ikkje gamal. Bli med og lag fuglematarar av eple til å ta med heim til småfuglane i hagen din, og lag di eiga gode, sunne drikk av epleskal. Det er som alltid mykje anna kjekt å gjere på Avaldsnes og Nordvegen Historiesenter:
-Spel vikingane sitt brettspel
-Prøv vikingklede, ringbrynje og våpenutstyr.
-Frileik og aktivitetsoppgåver på Leikvollen
-Film og utstilling
Gratis inngang for barn i følge med vaksne denne dagen på Nordvegen Historiesenter. Billetter til vaksne i døra. Sal av kaffi og vaflar.
Karmøy folkebibliotek
Maskeverkstad | mandag 7. oktober, onsdag 9. oktober og fredag 11. oktober kl 12:00 | Norheim, Åkrehamn og Skudeneshavn bibliotekfilial
Mandag kl. 12.00 på Norheim filial, onsdag kl. 12.00 på biblioteket i Åkrehamn og fredag kl 12:00 på biblioteket i Skudeneshavn blir det maskeverkstad. Forbered deg til halloween med å lage ei skummel maske. Du får ei maske du kan dekorere, og vi har måling, vinylprint og anna du kan pynta med. Vi garanterer god stemning, med mellom anna konkurransar og noko godt å setja tennene i.
Goblin Quest - rollespel | torsdag 10. oktober kl 12:00 | Hovedbiblioteket i Kopervik
Ein goblin er ein underleg skapning som ofte har store draumar, men er svært uheldig og skadar seg lett. Bli med og sjå om du og dine goblins kan oppfylle draumen med å lage ein restaurant på månen eller ein dyrehage berre med kalkunar, eller kanskje draumen er å lage eit bibliotek som berre låner ut terningar. Berre fantasien set grenser. Frå 8 år og opp.
Heile haustferien kan du kome innom biblioteka og leite etter gøymde figurar, og vi har som vanleg mange ulike typar spel du kan låne eller spele på biblioteka.
Tips! Det skjer og fleire aktivitetar på biblioteka på planleggingsdagen 8. november. Mellom anna nisseverkstad og forfattarbesøk. Følg med på biblioteket si Facebook-side eller nettside for meir informasjon når det nærmar seg.
Gubben og katten | torsdag 10. oktober kl 18:00 | Karmøy kulturhus, Åkrehamn
Sven Nordqvist
Gubben og katten og hanespetaklet er en forestilling fylt med latter, spenning og fantasi for store og små. Gustavsen vil lage gryterett av hanen, men Pettersen tar den med seg hjem. Den kan holde styr på hønene hans, tenker han. Katten Findus misliker det nye bekjentskapet, han er skeptisk, blir sjalu og irritert på all galingen. Møt Gubben Pettersen, katten Findus og hanespetaklet i en morsom forestilling, levendegjort av dyktige skuespillere etter en av Sven Nordqvists kjente bøker om Gubben og katten, framført av Askeladden friteater. Forestillingen varer i ca. 45 minutter.
Kjøp billetter
Kinotilbud i haustferien | Mandag - fredag i veke 41 kl 11, 11:30 og 12:00 | Karmøy kino
Astrid Havn Tranøy
Ta med deg venner og familie på Karmøy kino i haustferien! Mandag til og med fredag er det kinovisningar kl 11:00, 11:30 og 12:00. Det er haustferiebaluba med kinobilletter til 100 kr, popcorn til 50 kr og du kan snurre lykkehjulet. Sjekk ut haustferiebaluba-programmet!
Kjøp billetter på Karmøy kino
Hele verden i boks - Iddisenes fantastiske ikonografi | Veke 41, opning lørdag 5. oktober kl. 12.00| Galleriet, Karmøy kulturhus
Utstillinga viser eigne arbeider av kunstnaren Juan Brito Vargas, samt den lokale historien til hermetikkboksindustrien i Kopervik, med utgangspunkt i iddisene, dei karakteristiske reklameetikettene som vart trykka på sardinboksene. Kopervik hadde heile sju hermetikkfabrikker på det meste, og tok del i eit spennande industrieventyr der Rogaland stod for 70% av sardinboks-eksporten i landet. Sardinboksene med lokale iddiser på vart produsert mellom 1900 til 1960, og i utstillingen får du møte figurane frå dei lokale Kopervik-etikettane. Veke 42 vil det bli arrangert omvisning og verkstad for skuleklassar i samarbeid med Den kulturelle skulesekken i Karmøy. Utstillinga er arrangert av Karmøy kunstforening og støtta av Kulturrådet og Karmøy kommune. Meir informasjon.
Ut på Eventyr | friluftstilbud
Astrid Havn Tranøy
Har du vore i eventyrskogen på Lindøy? Området kan og opplevast frå sjøen med leigd kano, og ein kort kjøretur unna ventar spennande grottesafari på Fosen.
Naturfenomenet Dueglåp er ein flott attraksjon. I området kan du utforske huler med tøffe steinformasjonar og jettegryter. Frå Langåker kan du gå ein fin merka rundtur om Taravika.
Astrid Havn Tranøy
På Syreneset Fort er det mykje kjekt å utforske, klatre på og krype inn i. Det er tilrettelagt med benkar for rastepause - så hugs å ha med noko godt i sekken.
For våtare eventyr, kva med eit friskt vinterbad? I Skudeneshavn kan du hoppe rett i sjøen frå Bade-Olena med varm sauna!
Aktivitetsrebus er ein morosam og lærerik aktivitet for store og små, og på Karmøy kan du gå på Eventyrjakt i Skudeneshavn, Åkrehamn, Kopervik og Visnes (her er og museet ope). Rebusane finn du utvalgte stader og digitalt her. Vikingjakt-rebus får du med museumsbilletten på historiske Avaldsnes.
På Karmøy er det mykje å utforske både for store og små. Med appen Tilbakeblikk kan du gå på oppdaging og sjå scener utspele seg i kulturlandskapet. Her møter du skikkelsar og scener som gir eit innblikk i epokar, historiske hendingar og myter.
Last ned i Appstore eller Google Play og Opplev Karmøy i vinterferien!
Meld deg på nyhetsbrev
Les tidligere sendte nyhetsbrev