Aktiviteter i sommar i Karmøy

I sommar byr Karmøy på fleire spanande aktivitetar for både store og små. Utforsk mangfaldige opplevingar, frå historiske stadar til sommaraktivitetar for born. Opplev alt frå Åkrasanden sine kvite strender til rockeskule og gratis kino for barn.

Aktivitetar for barn og ungdom

School of Rock

Spelar du eit instrument? Bli med på rockeskole på Torvastad kultursenter mandag 1. til torsdag 4. juli klokka 16:00 til 20:00. Meld deg på om du spelar i band eller ikkje. Det blir fokus på musikkproduksjon i studio og arbeid med låtskriving, grafisk design, eigendistribusjon og marknadsføring. Deltakarane blir delt i grupper/band, og kurset passar ungdom frå ca. 12 til 20 år. Mentorar er Georg Yrkje Bleie og Johan Nes.

Meir informasjon og påmelding

UKM Karmøy 2024 - Klikk for stort bilde Astrid Havn Tranøy

Karmøy kino

Sjekk ut sommarprogrammet på kino for både barn, unge og vaksne. 

 Kinoprogram

Gratis sommarkino for barn

Gratis sommarkino kvar tysdag klokka 12:00 i heile juli. Billettar blir lagt ut fredagen klokka 16:00 før den aktuelle filmen.

Kjøp billett til sommarkino

Program:
Tirsdag 2/7: Paw Patrol Superfilmen (1t 36m - Tillatt for alle)

Tirsdag 9/7: Detektiv Edderkopp (1t 28m - 6 års aldersgrense)

Tirsdag 16/7: Victoria må dø (1t 25m - 9 års aldersgrense)

Tirsdag 23/7: Jungelgjengen (1t 28m - Tillatt for alle)

Tirsdag 30/7: Fantasivenner (1t 47m - 6 års aldersgrense)

Skjermdump: karmoykino.no

Aktiviteter på Karmøy bibliotek, hovedbiblioteket

Hovudbiblioteket i Kopervik har ope heile sommaren, medan avdelingane på Norheim, Åkrehamn og Skudeneshavn er stengde i seks veker. Du kan framleis kome deg inn på avdelingane om du har meirope-tilgang. Alle biblioteka har aktivitetar du kan gjere første og siste ferieveke. Bli med på skattejakt mellom bokhyllene, spel Sommerles-spelet eller leik spion medan du kravlar gjennom laserløypa.

Barn lager buttons på verkstad - Klikk for stort bilde Lilli Ann Tjøsvoll

 

 

I Kopervik skjer det ulike aktivitetar gjennom sommarferien:

Tysdag 2. juli kl. 13-14 Origami

Lær deg å brette enkle ting i papir. Vanskegraden blir tilpassa oppmøte.

Tysdag 9. juli kl. 13-14 Blomstertrykk

La sommarblomstrane setje farge på nettet ditt. Me lager blomstertrykk med EKTE blomar! Dette er noko alle kan vere med på, både store og små. Ta med eit blomstrande humør og bli med.

Tysdag 30. juli kl. 13-14 Høgtlesing

Bli med på eventyrstund på biblioteket!

Onsdag 7. august kl. 12-13.30 Perling

Vi finn fram perler og mønster. Berre fantasien set grenser for kva som kan lagast.

Måndag 12. august papirflykonkurranse, kl. 17.30 bretting, 18.00 kast

Brett ditt eige papirfly og sjå det fly av garde. Vi kårar sommarmeister i papirflykasting.

Tysdag 13. august kl. 15-18 Vinyltrykk på eigne ting

Forbered deg på skulestart med å gi det nye eit personleg preg. 

Sommerles

Karmøy folkebibliotek er med og arrangerer Sommerles, ein digital lesekampanje for 1. - 7. klasse. Alt som blir lest og høyrt gjennom sommaren kan registrerast på sommerles.no. Etter kvart som du les går du opp i poeng og kan hente premier på biblioteket. Du finn og lesetips på Sommerles-sidene, og kan følge med på kva vennene dine leser på. Les meir om korleis du blir med på Sommerles sine sider.

Sommerles kampanje Fanget i spillet - Bli med på sommerens kuleste lesekampanje. Sommerles 24. - Klikk for stort bilde Sommerles.no

Stranddag på Åkrasanden og Sandvesanden

Åkrasanden og Sandvesanden, kjent for sine vakre, kvite strender, er perfekte for ein dag ved havet. Ta med familie og venner for ein solfylt dag med bading, soling og volleyball. Få fleire forslag til aktivitetar i sommar på Opplev Karmøy.

barn spring med drage på Sandvesanden - Klikk for stort bilde Astrid Havn Tranøy

Aktiviteter for den kultur og historieinteresserte

Skulpturvandring

Ta deg ein skulpturvandring i Skudeneshavn og sjå film om skulpturane på Torget. Sett deg ned med Sildakånå på kaien i Åkrehamn, og hils på Gustav i Kopervik. Løys oppgåver om kunsten utarbeida av kunstnaren Bernhard Østebø. Alt dette finn du meir informasjon om på våre sider om kunst i Karmøy.

Gutt poserer ved siden av Sildakånå skulptur i Åkrehamn - Klikk for stort bilde Astrid Havn Tranøy

Museumssesongen er i gang, ta turen og lær om Karmøy sin mangfaldsrike historie. Kle deg ut som ein viking, jobb i Litla-Ortå og utforsk fiskerihistoria i Karmøy. Besøk den kvite empirebyen Skudeneshavn, og snop godteri i den gamle krambua i Mælandsgården.

Historisk vandring på Avaldsnes og Nordvegen historiesenter

Bli med på ein guida tur gjennom Noreg sitt eldste kongesete, Avaldsnes. Lær om området sin rike historie og dei mange sagaene knytt til dei mektige vikingkongane som ein gong regjerte her. Besøk Historiske Avaldsnes, vikinggarden og Nordvegen Historiesenter og ver viking for ein dag. 

  • Nordvegen historiesenter har ope kvar dag frå 28. april til 13. september.
  • Olavskirken er open mandag, tirsdag og torsdag frå 24. juni til 8. august.
  • Vikinggarden på Bukkøy er open frå 17. juni til 14. august.
  • Pilegrimssenteret i Stabburet er ope 3. juli til 9. august.

Opplev teatralsk omvisning med ein viking og få omvisning i kongsgårdsruinen utvalgte dagar i juli.

Få meir informasjon om opningstider og billetter til aktivitetane.

Med fiske i fokus

Åkrehamn kystmuseum viser gjennom gjenstander og fotografi Karmøy si fortid som fiskerisentrum. Museet fortel og om kontakten mellom Karmøy og Amerika. Nora sjøhuset er eitt av dei få sildesalteria som framleis er intakt. Besøk Åkrehamn kystmuseum og lær om livet langs kysten gjennom tidene.

Visnes Gruvemuseum

Oppdag gruvene som ein gong var blant dei største koparverka i Noreg på Visnes Gruvemuseum. Ein fasinerande tur for heile familien med interaktive utstillingar og flotte uteområde. Besøk Visnes Gruvemuseum og det historiske området rundt og lær om gruvedrifta.

Skudeneshavn museum, Mælandsgården

Skudeneshavn er ein sjarmerande småby på sørspissen av Karmøy i Rogaland. Kjend for sin velbevarte gamleby med smale gater og kvite trehus frå 1800-talet, tiltrekker staden seg besøkande som ynsker å oppleve nostalgi og sjøfartshistorie. Skudeneshavn Museum,  Mælandsgården, gir innsikt i byen sin maritime historie og daglegliv i gamle dagar. Museet ligg i hjarta av den gamle bydelen og er innreia i ein typisk kjøpmannsbustad frå 1800-talet, og viser ei rik samling av gjenstandar og foto frå byen si fortid. Besøk Skudeneshavn museum, Mælandsgården og ta deg ein vandring i gamlebyen.

Formidlere ved Skudeneshavn museum, Mælandsgården - Klikk for stort bilde Ørjan B. Iversen

Teatralsk byvandring

Kvar laurdag i juli kan du følge skodespelarar på ein spennande reise i Skudeneshavn si historie. 

Kjøp billetter til byvandring

Meld deg på nyhetsbrev

Nyheter og informasjon om kommunens tilbud 
og aktiviteter, rett i din innboks.