Foreslå miljøpris, frivillighetspris og kulturpris, og søk kulturstipend

Veit du om ein organisasjon eller ein person som fortjener å bli hedra for sin innsats? Kom med forslag til kandidatar til miljøprisen, kulturprisen og frivillighetsprisen i Karmøy. Er du utøvar innan kunst, kultur eller idrett kan du søke kulturstipend for videre satsing. Fristen er 1. november.

Slogmåkane - Klikk for stort bildeSlogmåkane - vinnere av kulturprisen 2023 Astrid Havn Tranøy

Kulturpris 

Kulturprisen blir delt ut årleg for å heidre nokon som har gjort stor innsats i kulturlivet. Kvart år gir Karmøy kommune ein kulturpris til eit lag, ein foreining eller person som har gjort mykje for kulturen i kommunen. Prisen er til heder og ære og inkluderer eit diplom og ein kunstgjenstand.

Les meir om kulturprisen her

Frivillighetspris 

For fjerde gong skal Karmøy kommune dele ut frivillighetsprisen. Karmøy har ein aktiv og levande frivilligheit, dugnadsanda er stor, og breidden av frivillige lag og organisasjonar viser eit stort mangfald. Prisen er ein anerkjennelse av frivilligheiten sitt viktige bidrag til samfunnet, der han er ein viktig faktor i forhold til utvikling av lokalsamfunnet, å skape møteplassar, gi tilhøyrsle og vere helsefremmande. Karmøy kommune kan årleg dele ut ein frivillighetspris til ein organisasjon eller enkeltperson som gjer eller har gjort ei stor innsats innan frivilligheiten i kommunen. Frivillighetsprisen er til heder og ære og består av eit diplom og ein gavesjekk.

Les meir om frivillighetsprisen her

Miljøpris 

Prisen går til enkeltpersonar, organisasjonar, foreiningar og verksemder som har gjort ei særskilt innsats for miljø, klima og natur. For foreiningar, organisasjonar og verksemder må innsatsen vere ut over det som er forventa av den enkelte foreining, organisasjon eller verksemd. Miljøinnsats blir definert for tiltak og handlingar som gjer miljøet betre på Karmøy.

Les meir om miljøprisen her

Kulturstipend 

Er du utøvande innan idrett eller kunst og kultur, og trenger stipend?

Karmøy kommune deler årleg ut inntil tre kulturstipend til utøvarar innan ulike kunstuttrykk, som sang, musikk, kunst og idrett.

Les meir om kulturstipend her

 

Meld deg på nyhetsbrev

Les tidligere sendte nyhetsbrev