Små og store starta feiringa med skyss ut til Geitungen av Skudeneshavn båtforening, og vart tatt imot av påpasselige hjelparar frå fyrforeningen. Dei minste møtte ein spennande utfordring med natursti laga av Skudenes fjellag.
For dei historieinteresserte venta Svein Gunnar Sandve med både faktainformasjon og gode historiar frå kvardagslivet på fyret. Han kunne fortelje at det tok ei heil veke manuelt arbeid, kvar gong ein skulle skifte oljefata på fyret, og at så snart ungdommane som vaks opp på Geitungen hadde lært seg å symje, fekk dei lov til å ro, og etterkvart ta motorbåt til Haugesund, åleine.
Etter endt omvisning venta Turistforeningen og Barnas turlag ved Belinda Lid Gundersen med gratis pølse til barna og sal av kaffi og vaflar. Skudenes sjømannsforenings shantykor spelte og sang, og med på repetoaret var sjølvsagt ein sang om eit fyr. Barnas turlag sin maskot Turbo og ungane som hadde delteke fekk spente med seg trekninga av flotte premiar etter fullført natursti. Hanne Mulelid frå Karmøy kommune leia publikum fint gjennom ei trippel feiring.
Turistforeningen har i dag ansvar for driften av fyrassistentbygga, som ligg ved foten av fyret, og fungerer som ubetjent turisthytte. For dei som treng skyss har ein avtale med skyssbåt, og ein fast dugnadsgjeng leia av fyrforvalter Karl Andreas Knutsen, ivaretar bygningane. Geitungen har sesongope ut september og du kan leige bygget på Turistforeningen sine sider.
Fyrforvalter Karl Andreas oppmodar alle lokale krefter som er interesserte til å melde seg som frivillige, for å sikre vidare drift av det flotte friluftstilbudet på Geitungen.
Geitungen fyr er eigd av Kystverket, som opna bygget for omvisning for publikum i anledning 100-årsmarkeringa. Fyrbygget er freda etter kulturminnelova. Geitungen er ikkje det einaste fyret i Skudeneshavn som har jubileum i 2024. Skude fyr feirar 225-årsjubileum, og Vikeholmen fyr er 175 år, så dette kan seiast å vere eit stort fyrår i kommunen.
Fakta om Geitungen fyr
Geitungen fyr vart tent for første gang 1. juli 1924, som eitt av dei siste bemanna fyra bygd i landet. Fyret avløyste Skude fyr, som var i drift frå 1799. Kvitsøy fyr låg for langt vekke meinte mange, og mangla tåkesignal, og Skude og Vikeholmen fyr egna seg ikkje til føremålet. Difor bestemte Stortinget å setje av midler til ny fyrstasjon. Geitungen utanfor Skudeneshavn vart vald ut, og fyret som skulle sikre seilingsleia ved sørsida av Karmøy fekk ein storslagen utforming, med eit lyktehus og to store sidefløyar med avrunda tak.
Bygningen er utforma i betong, etter teikningar av ingeniør Jørgen Meinich i Fyrvesenet. Det er hevda at Meinich var inspirert av sjølvaste Stortinget med sine mektige sidefløyer då han teikna fyret. Den majestetiske bygningen ruver på toppen av øya som eit landemerke.
På det meste budde fyrmeister og to assistentar med familie fast ute ved fyret. Ved behov vart det sendt bod på ytterlegare assistentar. I tårnet var det ved opning eit 2. ordens linseapparat og diafon tåkesignal. Fyret fekk elektrisk straum i 1958, og vart omgjort frå familie- til tørnstasjon året etter. Fyrmeisterbustaden som i si tid kom frå Ryvingen fyr ved Mandal, vart solgt og flytta inn til Skudeneshavn.
Fyret vart automatisert i 1987 og avfolka i 1994. Den karakteristiske tåkeluren som kjenneteikna Geitungen vart fjerna i 1988, og ulinga frå tåkeluren har prega oppveksten til mang eit bysbarn.
Fakta er henta frå Svein Gunnar Sandve sin omvisning og Norsk fyrforening sine nettsider.
Meld deg på nyhetsbrev
Les tidligere sendte nyhetsbrev