Kunst i Karmøy - til heder og ære og til glede for alle

Visste du at uteområdet til Stangaland skule har heile seks skulpturar til ære for torvmosen? Eller at det finnes abstrakt kunst ved Kopervik videregåande skule? Veit du kvifor Sildakånå står på kaien i Åkrehamn? Lær meir om skupturane som står fritt tilgjengeleg rundt omkring i Karmøy, til glede for oss alle.

Skulpturen Sildakånå på kaien Åkrehamn - Klikk for stort bilde Astrid Havn Tranøy

SkulpTur - filmar om kunst i Karmøy

Kunstnaren Bernhard Østebø og Absurd film har laga ei rekke korte filmsnuttar om utvalgt kunst i byane Skudeneshavn, Åkrehamn og Kopervik, samt frå flyplassen. I SkulpTur-filmane blir du bedre kjent med nokon av skulpturane i Karmøy. Filmane varer nokre minuttar kvar og du kan lære litt om kva kunsten betyr, korleis ein lagar kunst, og om kunstnarane. Ta runden med skategutten og den lett oppgitte kunstformidlaren, og lær litt meir om kunst saman med Bernhard. Filmane er laga for alle som er interessert i å lære meir om Karmøy sine skulpturar.

Skulptur speleliste på YouTube

Inngang utgang med gutt som klatrer på filminnspeling - Klikk for stort bilde Astrid Havn Tranøy

Kunst i Kopervik

Kopervik har mykje kunst å by på, og fleire av SkulpTur-filmane tar for seg kunst i byen. Inngang - utgang står ved Kopervik videregåande skule og er laga av Marit Benthe Norheim i 2002. Skulpturen er ein av berre tre skulpturar eller skulpturgrupper laga av kvinnelege kunstnarar i Karmøy, og er eitt av få abstrakte kunstverk i Karmøy. Oversikt over kunst i Kopervik kan du finne her.

På kunstjakt i Skudeneshavn?

Den kvite byen heilt sør i kommunen har mykje å by på. Visste du at det er laga film om skulpturane på Torget? Krigsminnesmerket i Skudeneshavn står rankt og stillferdig i parken, til minne om falne sjøfolk. Les meir om skulpturar i Skudeneshavn.

Kunst i Åkrehamn

På kaia i Åkrehamn står Sildakånå og skodar utover medan ho tørkar ein sveittedråpe av panna. Det er få skulpturar av kvinner på Karmøy, og sildakånå førestiller ikkje ei spesiell kvinne, men skal symbolisere alle som jobba med sild. Skulpturen er eit såkalla generelt minnesmerke og er laga av Arne Mæland i 2002. Når kvinnene byrja å jobbe med ganing og salting av sild, var det fyrste gong mange av dei fekk sjansen til å jobbe sjølve og tene sine eigne pengar. Det var svært viktig fordi det gjorde kvinnene sterkare og meir uavhengige av mennene. I dag er det ein sjølvsagt at kvinner kan gjere dette, men det har altså ikkje alltid vore slik. Finn fleire skulpturar i Åkrehamn i skulpturoversikta.

Vil du vete meir?

Meir informasjon om skulpturane finn du her på Karmøy kommune sine nettsider. Du kan søke på kvar enkelt skulptur, eller på kartet. Det finnes og tips å få til eigne kunstnaraktivitetar, utarbeida av kunstnar Bernhard Østebø.

Meld deg på nyhetsbrev

Nyheter og informasjon om kommunens tilbud 
og aktiviteter, rett i din innboks.