Vestlandet sin største vikingfestival med aktivitetar for heile familien

Møt Gunn og dei magiske eplene, prøv bogeskyting og opplev nye vennskap! 6.-9. juni samlar Vikingfestivalen på Avaldsnes vikingentusiastar frå nær og fjern. Med sitt historiske sus og autentiske opplevingar, inviterer festivalen alle til å bli med inn i vikingtida sin rike kultur og tradisjonar. 

Bli med på Vestlandet sin største vikingfestival, den perfekte møteplassen for dei som vil lære meir om vikingane sitt liv og virke. Gjester kan vente seg eit spektakulært program med handverksdemonstrasjonar, kampoppvisningar, musikk og dans, samt få moglegheit til å smake på tradisjonell mat. 

 Åpningstider, program og priser   Kjøp billetter til Vikingfestivalen

Nytt av året er familieforestillinga om kongen si dotter Gunn og dei magiske eplene, med Teatertuttene, som blir vist i Naustet under festivalen. Jan Søren Øydna tar og turen frå Agder for å demonstrere perlemaking. Han har med seg ovn og utstyr og viser korleis vikingane laga perler i perleovn. 

Vikingfestivalen forestilling med sjonglør - Klikk for stort bilde Astrid Havn Tranøy

Skramle og Blesækonen frå Danmark er og nye innslag på Vikingfestivalen. Dei har med seg ei vogn med instrumenter av forskjellig slag som dei triller rundt omkring. Dei skal halde to sett med konserter under vikingfestivalen, og ha ein skaldeskule for barn. 

Vikinghandarbeid - Klikk for stort bilde Bjørn Erik Nordås

 

Vikingfestivalen har fokus på familieaktivitetar, og håper mange tar turen desse dagane i juni. Sjå smeden i arbeid, høyr vikingmusikk, eller prøv ulike aktiviteter som bueskyting, hesteriding, gjøgling og teater – alt til ei vidunderleg ang av vikingmat.

Torgeir Henden

Universell utforming

Vikinggarden er dessverre ikkje universelt utforma. Verken stiar eller bygningar er tilpassa personar med funksjonsnedsettingar, sjølv om ein kan kome dit med båt.

For rullestolbrukarar:

Sjølv om Vikinggarden ikkje er fullt tilgjengeleg, klarer mange med rullestol å vitje vikingfestivalen. Med hjelp kan dei kome ned den bratte bakken. Vi har eit tilgjengeleg toalett, men det er vanskeleg å kome inn i dei andre bygningane.