Kommunedelplan for kultur

Kommunedelplan for kultur er eit strategisk styringsdokument som synleggjer Karmøy kommune sine kulturpolitiske satsingar innan kulturfeltet i perioden 2016 - 2025. Kunst og kultur er eit felt med høg eigenverdi, og opplevinga av kunst og kultur kan gje ringverknader ut over seg sjølv.

Kommunedelplan kultur 2016-25 - Klikk for stort bilde

Kommunedelplanen vart vedtatt i kommunestyret 19.06.2017, sak 60/17, og her kan du lese kommunedelplan for kultur 2016-25. (PDF, 21 MB)

For Karmøy kommune er det ynskjeleg å kommunisere kunst og kultur som ein verdi i seg sjølv. Samstundes er kunst og kultur ein ressurs i andre sektorar av samfunnet, og kultur kan gje positive ringverknader på område som folkehelse, inkludering og omdømme. Kommunestyret vedtok samstundes med planen eit handlingsprogram for kulturfeltet, som saman med planen skal vere eit verktøy for drift og investeringar på kulturfeltet.

Handlingsprogram for kultur kan du lese her. (PDF, 4 MB)