Kunstplan for Karmøy kommune 2020-2024

Saman med Retningslinjer for kunst i det offentlige rom i Karmøy kommune, skal Kunstplan for 2020-24 vere ein strategi for arbeidet med kunst i offentleg rom i Karmøy, og eit verktøy for å sikre at vedtatte mål og tiltak blir omsette i handling. Retningslinjene skal nyttast i alle kunstprosjekt, og kunstplanen skal skildre retning for satsingsområdet kunst i offentleg rom.

Kunstplan 2020-2024 - Klikk for stort bilde

Målet med å plassere ut kunst i det offentlege rom, i skular, institusjonar og andre offentlege bygg, er at flest mulig skal få oppleve kunst av høg kvalitet.

Ein av strategiane som blir nevnt i kommuneplan for Karmøy kommune for å betre omdømmet til kommunen er å styrke kulturlivet og skape gode arenaer for kulturoppleving og kulturaktivitet.

Offentleg kunst er tilgjengeleg for veldig mange med sin plassering på fellesarenaer der folk ferdast og møtes. Å tilgjengeleggjere kunst for alle er demokratiserande, alle har rett til å oppleve kunst. Kunst plassert i det offentlege rom aukar staden sin attraktivitet.

Kunstnarar er ein viktig del av det offentlege ordskifte. Gjennom kunst som uttrykksform kan kunstnaren skape nye vinklingar og perspektiv å forstå verda ut frå, og kunstnaren sine ytringar inngår i den allmenne meiningsutveksling, identitetsdanning og minneforvaltning. Kunst i offentleg rom bidrar til mangfald og forståing for ulike kunstuttrykk.


Kunstprosjekt i offentlege bygg skaper ein spenning mellom arkitektur og kunst, og påverkar vår oppleving av staden. Kunst i det offentlege rom møter oss i ein større og meir kompleks samaheng enn i det lukka kunstrommet.

Les kunstplan for Karmøy kommune 2020-2024 (PDF, 2 MB).