Skitur for ungdommar, SpillQuest og open ungdomsklubb i vinterferien

Lyst til å gå på ski i vinterferien? Bli med kulturhusa i Karmøy på skitur til Sauda. Fristar det ikkje med snø har Norheim, Skudeneshavn og Karmøy kulturhus open ungdomsklubb. Connection og Down Under ungdomsklubb har slått seg saman og arrangerer SpillQuest i Karmøy kulturhus laurdag 22. februar.

Skitur med kulturhusa - Klikk for stort bilde

Skitur til Sauda | 25. februar | Kulturhusa

Kulturhusa arrangerer sin årlege skitur til Sauda tirsdag 25. februar, for ungdom frå 6. klasse og opp til 18 år. Pris er 250 kr som inkluderer buss og skikort. Turen er gratis for innehavarar av aktivitetskort, men hugs å bestille billett på ticketco. 

Manglar du skiutstyr? Ingen problem, det kan du leige gratis på Skattkammeret i Kopervik eller Haugesund. Påmeldingsfrist er 23. februar. Deltakarane må ha erfaring med alpint og vere sjølvgåande. Miljøarbeidarane ved ungdomsklubbane melder at dei er flinke med barn og ungdom, men dessverre ikkje skiinstruktørar. Meir informasjon og påmelding på ticketco.no.

Spørsmål om turen kan rettast til lmk@karmoy.kommune.no eller tlf: 40407224

SpillQuest | 22. februar kl 16-20 | Karmøy kulturhus, Åkrehamn

SpillQuest illustrasjon - Klikk for stort bilde Ungdom og fritid Norge

Laurdag 22. februar arrangerer Down Under og Connection laurdagsopen klubb i Down Under sine lokaler i Karmøy kulturhus, Åkrehamn, med UKM Noreg sitt nye konsept Spillquest. Dette er eit tilbud både for deg som lurer på kva spel egentlig er, og du som allerede er glad i å spele. I samarbeid med UKM Norge blir det arrangert spillquest på klubbar i heile landet i vinterferien. Det er ein turnering der du blir utfordra i fem ulike spel. Men kva spel dette er får du først vete når du møter opp!

Spillquest er for deg mellom 13 og 20 år og er heilt gratis. Det blir ein liten premie frå kiosken til Down Under til vinnaren, og det blir ført poeng. Resultatet skal opp på veggen i Wall of fame på klubben.

Fritidsklubbar | Veke 9

Ungdomsklubb på Norheim kulturhus - Klikk for stort bilde Torgeir Henden

Fritidsklubbane på Norheim kulturhus har ope onsdag i vinterferien, tirsdag er det stengt pga skitur. Meir informasjon på Norheim kulturhus sine facebooksider.

Ungdomsklubben Down Under på Karmøy kulturhus har ope i vinterferien. Meir informasjon på Down Under sine facebooksider

Ungdomsklubben Connection på Skudeneshavn kulturhus har ope i vinterferien, og steller i stand tacokveld onsdag 26. februar.

Ungdomsklubben Anna Eegs på Kopervik kulturhus har ope i vinterferien.

 

 

Meld deg på nyhetsbrev

Tidligere sendte nyhetsbrev