Inngang - utgang av Marit Benthe Norheim, 2002

Skulptur i betong, 2 x 3 m på sokkel ved Kopervik vidaregåande skule i Kopervik.

Inngang - utgang er laga av Marit Benthe Norheim til Kopervik vidaregåande skule i 2002. 

Marit Benthe Norheim (f 1960) er ein norsk bilethoggar som har budd i Danmark sidan 1996. Etter eitt år i lære hos Gunnar Torvund vart ho utdanna ved Vestlandets kunstakademi og ved Royal Academy of Arts i London. Ho har utført ei rekke utsmykkingsoppdrag, dei mest kjente er skulpturen Rottejomfruen i Skien, som vart avduka i 2006 og Fruen fra Havet (2001), som står ved Sæby havn, Danmark. Mange av hennar arbeid er utført i betong, og ho lager ofte kvinneskikkelser.

På oppdrag for Karmøy kommune har Absurd film og kunstnar Bernhard Østebø laga formidlingsvideo om skulpturen ved Kopervik vidaregåande skule. Videoen er del av ein serie korte videoar om SkulpTurar i Karmøy som du kan finne her.