Kveitefiskaren av Johan Gottfried Grund

Skulptur hugga i gotlandsk sandstein, plassert på Torget i Skudeneshavn, 1991.

Avduka av statsminister Gro Harlem Brundtland. Kveitefiskaren er ein av tre kopierte skulpturar frå Nordmannsdalen ved Fredensborg slott i Nordsjælland. Det er i alt seksti skulpturar av nordmenn i Nordmannsdalen. 

Hoffbilethoggar Johann Gottfried Grund (1723-1798) fekk i oppdrag av danske kong Frederik V å lage statuar til Nordmandsdalen. Desse statuane skulle framstille norske bønder og fiskarar. Kopiane er utført av steinhoggar i Dresden. Modellene av statuane har vore små elfenbeins- og kvalrossfigurar, laga av nordmannen Jørgen Christensen Garnaas. Han reiste rundt i norske bygder og skar små figurar av folk i arbeidsklede.

Det er i alt tre figurar frå Falnes prestegjeld, med typiske drakter frå 1700-talet. Skulpturane, ei kvinne og to menn, står vendt mot kvarandre på Torget, nær sjø. Fiskerkona har lue, trøye med tørkle over skuldrene, foldelagt stakk og forkle. Dei to mennene er kledde på ulike vis. Hummerfiskaren har sid, enkeltspent trøye, knebukser og støvler som går til knes. Kveitefiskaren har knesid kofte til å smette over hovudet og støvlar som går oppå låra.

På oppdrag for Karmøy kommune har Absurd film og kunstnar Bernhard Østebø laga formidlingsvideo om skulpturane på Skudeneshavn torg. Videoen er del av ein serie korte videoar om SkulpTurar i Karmøy som du kan finne her.