Magnus Gjertsen av Lars Fletre

Skulptur i bronse på granittsokkel, plassert på Magnus Gjertsens plass, foran apoteket i Hovedgaten, Kopervik, 2005.

Astrid Havn Tranøy

Bysten er reist for å hedre kunstmaler Magnus Gjertsen (1904-1987), født i Kopervik. Som ung arbeida han ei stund i USA, og fekk utdanninga si i USA og Frankrike. Mesteparten av livet sitt budde Gjertsen på Karmøy, der motiva for dei fleste av maleria hans er frå. Gjertsen malte natur, strender, lyngheier, fiskarar og kvardagslivet i Kopervik. Han var og ein populær portrettmaler. I tidleg periode viste han påvirkning frå kubismen, seinare nærma han seg ein meir naturalistisk stil. Karakteristisk er den vakre fargebruken. Karmøy rådhus har eit eige rom som blir kalt for Gjertsenrommet, der fleire av Magnus Gjertsen sine bilder heng.

Gjertsen og Fletre var studiekamerater. Fletre laga bysta med Gjertsen som levande modell.