Mann i Båt av Svein Magnus Håvarstein, 1983
Skulptur i bronse på steinsokkel, ca 2x2 m, på Torget i Åkrehamn
Skulpturen Mann i Båt er laga av kunstnaren Svein Magnus Håvarstein.
Håvarstein er født i 1942 og vaks opp på Rennesøy. Han er utdanna bilethoggar og grafikar ved Statens kunstakademi og er representert i Nasjonalgalleriet med raderte landskap, ofte detaljrike vestnorske kystmotiv. Som bilethoggar har han særleg arbeidd med portrettskulptur, og utførte bl.a. Lars Hertervig-monumentet i Tysvær (1980) og Gustav i Kopervik (1990).
På oppdrag for Karmøy kommune har Absurd film og kunstnar Bernhard Østebø laga formidlingsvideo om skulpturen ved Åkrehamn torg. Videoen er del av ein serie korte videoar om SkulpTurar i Karmøy som du kan finne her.
Publisert 08.07.2024 16:04
Sist endret 24.09.2024 13:42