Astrid Havn Tranøy
Kunstnar Arne Mæland er skulptør og malar og driv eige atelier og galleri i Os. Mæland er utdanna lærar, født 1950 i Etne. Som kunstnar er han i hovudsak sjølvlærd. Kunstarbeidet driv han med på heiltid og har hatt mange oppdrag - både for private og offentlege instituasjonar, for kyrkjer og sjukehus, privatpersonar og verksemder - såvel i Noreg som i utlandet. Han nyttar mange uttrykksformer og arbeider med skulptur, akvarell og maleri i eit allsidig formspråk som spenner frå det naturalistiske til det abstrakte.
Gitt som gave i anledning Skudenes & Aakra Sparebanks 250 års jubileum (1876-2001).
Statuen er ein hyllest til alle dei kvinnene som frå 1700-talet og fram mot vår tid har jobba med ganing og sildasalting. Det er skriven utallige verk om menn på fiske, men kvinnene har ikkje fått sin historie skriven enno. Arbeidet i silda var eit blodslit, men det gav kvinnene ein moglegheit til å tjena penger, og saman med tjenestejentene på 1800-talet, var dette fyrste gong at kvinnene tjente eigne pengar og kunne fø seg sjølv og borna.
På oppdrag for Karmøy kommune har Absurd film og kunstnar Bernhard Østebø laga formidlingsvideo om skulpturen ved Kopervik vidaregåande skule. Videoen er del av ein serie korte videoar om SkulpTurar i Karmøy som du kan finne her.