Tid av Kirsten Vikingstad Hermansson

Skulptur i glass og metall, ca 180 cm høy, plassert ytterst på Rabinowitzplass, Åkrasanden, 2019.

Frittstående skulptur av metall med element av glasskunst, formet som en livbøye, plassert på Rabinowitzplass på Åkrasanden. - Klikk for stort bilde Anine Kongshavn

TID har fin dialog med omgjevnadene. Ved at horisontlinja, som er sentral i utsyn gjennom glass-skiva, snur opp-ned på røynda, gir dette både utsyn til den store verda, og eit anna perspektiv på verda og tilværet. Forma på skulpturen gir assosiasjonar til ei livbøye og  symboliserer forankring og tryggleik.

TID på Rabinowitzplass

Skulpturen Tid vart kjøpt inn av Friluftsrådet Vest, etter at Rabinowitzplass vart etablert på Åkrasand i forbindelse med diverse inngrep gjort i forbindelse med renseanlegg for kloakk.

Det vart gjort tydelege inngrep i naturen, noko som og førte til at området vart meir tilgjengeleg for alle. Friluftsrådet nytta høvet til å sette eit positivt fokus på staden ved å plassere ein skulptur som går i dialog med bruken av, og vinkler inn på historia til staden.

Rabinowitzplass er ein del av ein 12 mål stor parsell kjøpt av Moritz Rabinowitz og frue på Åkra, eigedommen går heilt ned til sjøen og har strandlinje. Moritz Rabinowitz og hustru hadde eit ynskje om å gi allmenheita i Haugesund muligheit for å komme til sjøen for rekreasjon, og gav parsellen til Haugesund kommune i 1936. Parsellen fekk namnet Åkrastrand, og det var givaren sitt ynskje at alle skulle kunne ta denne i bruk til rekreasjon, og kunne ferdast utan hindring på stranda.

Rabinowitz var ein mann med visjonært syn og framsyn, ein humanist, skribent og verdsborgar med kontakt med Europa. Han var ein pioner i høve til folkehelse og friluftsliv, og ville sikre alle tilgang til sjølinja.

Rabinowitz var framsynt ved at han var den første (i vår region) som kjøpte ei tomt for å gjere strandområdet tilgjengeleg for alle for rekreasjon, ein forløpar for friluftsrådet.

Dette er sterk symbolikk i høve til Rabinowitz sin humanisme og vidsyn, i kontrast til det som skjer under krigen.

Kirsten Vikingstad Hermansson 

Kunstnaren er opphavleg frå Torvastad i Karmøy kommune, og arbeider i kunstnarkollektivet Formbar glassverksted.

Du kan lese meir om kunstnaren på heimesida hennar.