Torvmosen av Siv Bugge Vatne

Skulpturgruppe, seks skulpturer i resirkulert bronse, størrelse fra 25 cm til ca 200 cm, på Stangaland skole. Plassering skulptur 1-3 inngang ved Stangaland skole, skulptur 4-5 atriet, skulptur 6 ved steingarden der den anlagte elva går mot Stokkaånå og etter kvart over i våtmarksområdet. Torvmosen vart avduka i 2022.

Kunstprosjektet Torvmosen

Skulpturgruppa er laga spesielt til Stangaland skole og planlagt parallellt med bygging av skolen. 

Stangaland skole ligg i eit våtmarksområde. Våtmarker er viktige lokalt og globalt fordi dei skaper ein stad der mange andre planter og dyr kan leva, dei renser og demmer opp vatn og dei lagrar store mengder karbon. Den vesle myra som ligg rett ved skolen er viktig for livsgrunnlaget vårt. Og det er torvmosen som lager denne myra.

Skulpturane til Torvmosen er først forma i avfallsmateriale frå skog, hage og trelastlager. Etter at skulpturane var ferdig skorne ut i tre, vart dei sendt til Mandal og støypt om i resirkulert bronse. Steinane som skulpturane er plassert på er kortreiste. Dei kjem frå brotet til Karmøy Naturstein på Hillesland. 

Kunstnar Bernhard Østebø har hatt oppdraget med å leie prosjektet som kunstkonsulent.

Det er laga to formidlingsfilmar om Torvmosen og kunstnaren bak, desse kan du sjå her:

Undervisningsopplegg om Torvmosen, utarbeida av Bernhard Østebø, finn du her.

Meir om Siv Bugge Vatne kan du lese på kunstnaren si heimeside.

Om torvmosen og kystlandskapet i Karmøy

Historia om torvmosen knyter det vesle og det store saman, fortid og framtid, kultur og natur. Det som finns, smått, på bakken, kan påvirke det store, som vindane, temperaturen og regnet. Livet til torvmosen startar som ei lita spore. Ut frå sporen veks nokon klumpete celler som utviklar seg til ei bladform, og til slutt ei ferdig utvikla torvmoseplante med kapslar.  Torvmosen har sporer som han formeirer seg med, og som han skyt ut med stor kraft, som ei sky. Vinden tar tak i sporeskya, og flyr sporene langt vekk. Kanskje var det slik torvmosen kom til Karmøy for fleire tusen år sidan.

Ei plante med heilt unike eigenskapar

Torvmosen råtnar ikkje, og dette gjer den heilt unik. Torva i myra blir omtrent 1 cm tjukkare på 10 år, og i minst 2000 år var torv det viktigaste brenselet i dette skoglause kystlandskapet. Eit av dei største problema i verda er ei aukande mengde karbon i lufta, som endrar klimaet og været. Sidan torvmosen ikkje råtnar, har han i tusenvis av år lagra karbon i myra. Det er rekna ut at all torvmosen i verda held på minst 1/3 av alt karbon på landjorda. Den totale mengda karbon i myrer i verda er omtrent like stor som mengda karbon i atmosfæren. Blir myrlandskap øydelagt, mister me ikkje berre tusenvis av år med lagra karbon, me mister og muligheit til ny lagring. Myra er av dei beste karbonfangarane me har.

Kortreist og miljøvennleg kunst

Kunstnaren har valgt å bruke resirkulerte materialer for å sjå kor kortreist og miljøvennleg prosjektet kunne gjerast. Det var eit mål for kunstnaren å finne produsentar som arbeider med omsyn til økologien. Bronsestøyperiet i Mandal blir drive som ein del av ein gard med regenerativt landbruk. Regenerativt landbruk handlar om å gje meir liv i jorda, på garden og i bygda, og minske global oppvarming og reparere økosystema. Brotet til Karmøy Naturstein på Hillesland blir drive på ein skånsam måte. Etter at stein er er tatt i brotet, skal landskapet sjå omtrent likt ut. Kun ein og ein halv meter lågare i høgda enn det var før brotet vart starta opp. Der steinane blir brote ut, blir det fylt på med masser som blir til eit dyrkbart område med matjord.

Mykje av diskusjonen rundt klima og miljø kan oppfattast som abstrakt og fjern frå dagleglivet. I kunstprosjektet Torvmosen ser me ei sterk samanheng mellom det nære og konkrete og dei store miljøspørsmåla. Det er i dei små og lokale tilhøve me legg grunnlaget for vår omgang med naturen og vår forståing av han.